20160216

Baby on board

20130502

Liten oppdatering

Så nært har me aldri vore! Dagane flyg av gårde og planleggingen går på skinner.
No begynner sangheftene å bli ferdig og dei siste småtingene begynner å komme på plass. På tirsdag reiser eg (Chris Martin) på sjøen for siste gong før bryllaupet. Det blir jo ikkje mindre hektisk av den grunn. Når eg kjem tilbake er det ei og ei halv veke igjen, så då er det berre siste innspurten. Me gleder oss VELDIG til den store dagen, og ser fram til å treffe familie og venner!

PS: Viss det er nokon som har innslag eller liknande til festen, vil viseverten vår, Erlend, sette stor pris på å få vite om dette. Kontaktinfo finn du under "Kontakt oss"

20130328

"Jeg er en seiler på livets hav"

Og på vei til å bli "En seiler på verdens hav".

Eg må ærlig innrømme at det ikkje alltid er så lett å vere vekke frå mi kommande brud. Dagane kan bli lange og tankane mange, når eg sitt her ute åleine og tenker på ho der heime. Mange vil nok tenke at det er heilt umulig å være så lenge vekke frå kvarandre, at ein kjem til å vokse i kvar sin retning og ende opp på to forskjellege plassar. Men eg trur det har mykje med innstilling og tillitt å gjere. Eit forrhold treng pleie uansett om ein er saman dag ut dag inn, eller om ein har lengre periodar der ein ikkje får sett kvarandre og snakka ansikt til ansikt. Misforstå meg rett, men i mange tilfeller trur eg faktisk det kan være bra for eit forrhold å ha litt tid for seg sjølv.

No i desse teknologiske tider, er det jo litt lettare å holde kontakten enn før. I gamledagar fekk dei kanskje sendt eit kort heim ein gong i månaden. Treng eg å høre stemmen hennar, eller fortelle kor høgt eg elskar ho, så er det ikkje vanskelegare enn å ta ein telefon.

Poenget mitt er egentlig dette: I ein serie som heiter "Sea Patrol", er det ei jente som jobbar ombord på eit Australsk Marinefartøy. Ho hadde ein strofe som satte tankar i hovudet mitt: "Når pappa var borte, var han alltid borte, men når pappa var heime, var han alltid heime". Ho snakkar om far sin som også var sjømann. Sjølv om han var lenge vekke, hadde ho eit fantastisk forrhold med han. Sånn vil eg være for Mirjam!

Ein liten tanke frå havet...

20130310

Planlegging og invitasjoner

Heisann folkens :)

No er me godt i gang med planleggingen og er ferdige med invitasjonane. Dette er ei spennande tid, med mykje nytt og nye utfordringar. Me er veldig taknemlige for at me har folk rundt oss som ønsker å hjelpe oss!