Og på vei til å bli "En seiler på verdens hav".
Eg må ærlig innrømme at det ikkje alltid er så lett å vere vekke frå mi kommande brud. Dagane kan bli lange og tankane mange, når eg sitt her ute åleine og tenker på ho der heime. Mange vil nok tenke at det er heilt umulig å være så lenge vekke frå kvarandre, at ein kjem til å vokse i kvar sin retning og ende opp på to forskjellege plassar. Men eg trur det har mykje med innstilling og tillitt å gjere. Eit forrhold treng pleie uansett om ein er saman dag ut dag inn, eller om ein har lengre periodar der ein ikkje får sett kvarandre og snakka ansikt til ansikt. Misforstå meg rett, men i mange tilfeller trur eg faktisk det kan være bra for eit forrhold å ha litt tid for seg sjølv.
No i desse teknologiske tider, er det jo litt lettare å holde kontakten enn før. I gamledagar fekk dei kanskje sendt eit kort heim ein gong i månaden. Treng eg å høre stemmen hennar, eller fortelle kor høgt eg elskar ho, så er det ikkje vanskelegare enn å ta ein telefon.
Poenget mitt er egentlig dette: I ein serie som heiter "Sea Patrol", er det ei jente som jobbar ombord på eit Australsk Marinefartøy. Ho hadde ein strofe som satte tankar i hovudet mitt: "Når pappa var borte, var han alltid borte, men når pappa var heime, var han alltid heime". Ho snakkar om far sin som også var sjømann. Sjølv om han var lenge vekke, hadde ho eit fantastisk forrhold med han. Sånn vil eg være for Mirjam!
Ein liten tanke frå havet...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar